Hjem
Stiftinga Gulbygningen
Vennelaget
Styre
Historikk
Arrangement
Kontakt
Leira grendelag
Leira idrettslag
Nord-Aurdal husflidslag
Valdres kunstterapiforening
Vernevøla
 

Historikk

I 1915 starta Valdres landbruksskule på Fere i Vestre Slidre. I 1919 vedtok fylkestinget å kjøpe Måno av Ola T. Svennæs med sikte på å etablere ein landbruksskule på garden. Måno var ein gammal slektsgard som fyrste gong kom på sal rundt 1900. Alt tømmeret til dei store skulebygningane vart hogge i skogen som høyrde garden til. Under byggjetida heldt skulen til på Leira bedehus.

Det var ei storhending då skulebygget stod ferdig hausten 1926 med festsal, klasserom, kontor, leilegheit og internat for elevane. Arkitekt var Ivar Næss, og det var byggmeister Amund Bratrud frå Aurdal som sette opp bygget, i nyklassisistisik stil og med søyleimiterte hjørnekasser. I tillegg til skulehus vart huset også brukt som grendehus. Juletrefestane var i mange år ei storhending som samla mykje folk. Elles var skulen kjend for dei mange utstillingane om jordbruk og hagebruk. Ei av dei store utstillingane tidleg på 50-talet samla eit publikum på 5 000.

I 1950 vedtok fylket at namnet skulle endrast til Valdres jordbruksskule. I 1964 vart Valdres husmorskule bygd på Måno, og året etter Valdres yrkesskule. Siste kullet gjekk ut frå Valdres jordbruksskule i 1969.  I skulebygget var det også eittårig handels- og kontorkurs. Dette gjekk etter kvart over til å bli treårig utdanning innan økonomi og reiseliv som del av Valdres vidaregåande skule.

Gulbygningen vart avvikla som undervisningsbygg frå 1996/97. I åra etter har bygget blant anna vorte brukt som øvingsbygg for musikalane til Ung i Valdres.

Rundt år 2000 var det på tale å rive det bevaringsverdige bygget, men bygget vart berga av bevaringsvillige krefter i skulemiljøet på Måno og lokalsamfunnet på Leira. I 2007/2008 vart bygget overført frå Oppland fylkeskommune til Stiftinga Gulbygningen på Måno, etter at fylkesutvalet i Oppland hadde vedteke å løyve eit starttilskot på 500.000 kroner. Stiftinga består av Leira grendelag, Leira idrettslag, Nord-Aurdal husflidslag, Valdres kunstterapiforening og Vernevøla. Det er også stifta eit vennelag, Vennelaget for Gulbygningen på Måno, som arbeider for å ta vare på bygget og for å skapa nytt liv i bygget gjennom dugnadsarbeid, pengeinnsamling og medlemsverving. For meir informasjon om Leira, Gulbygningen og skuleverksemda på Måno, sjå boka "Leira i Valdres" og meir på www.gulbygningen.com.

 
Valdres Basketballag
Ung i Valdres
Nord-Aurdal kommune

 

________________________

Vennelaget
77 medlemmer pr. 31.12.07

Medlemskap klikk her


Behov for lokale?
Klikk her

Leiraboka
Kjøp praktboka
Leira i Valdres”

Klikk her

 
Webside laget av Taulant . ~TulaDesigns